Me søkjer ein målretta og handlekraftig kommunedirektør som ønskjer å vere ei drivkraft for utvikling og vekst i Suldal kommune. Dette er ei unik moglegheit til å leie ein kommune med god økonomistyring, spennande utviklingsmoglegheiter og eit sterkt engasjement for næringsutvikling og omstilling. Me er stolte av å vere ein nyskapande arbeidsgivar som nyttar Leanprinsippa.
Vi søkjer deg som:
Har solid leiarerfaring
Har god forståing for offentleg forvaltning og politiske avgjerdsprosessar.
Har økonomisk forståing.
Har relevant høgare utdanning.
Gjerne har erfaring frå omstillingsprosessar og kan vise til resultat innan effektivisering av drift eller utvikling av organisasjonar.
Har sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner, med evne til å byggje tillit og gode relasjonar.
Har evne til å balansere strategisk leiing med praktisk gjennomføring i ein kompleks organisasjon.
Er ein pådrivar for samarbeid og lokalt engasjement, og ser verdien av å byggje sterke nettverk på tvers av sektorar.
Har strategisk blikk og viser handlekraft, kombinert med ein inkluderande leiarstil.
Personlege eigenskapar vil vere avgjerande i tilsetjingsprosessen.
Vi tilbyr
Ei utfordrande og viktig leiarstilling med stor påverknadskraft.
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar og eit nært samarbeid med politisk leiing.
Moglegheit til å jobbe i ein kommune med solid økonomi og eit tydeleg utviklings- og omstillingsfokus.
Konkurransedyktige vilkår, ein arbeidssituasjon tett på naturopplevingar og eit aktivt lokalsamfunn.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som kommunedirektør vil du ha eit særleg ansvar for:
- Sikre strategisk og heilskapleg utvikling av kommunen i tett samarbeid med den politiske leiinga.
- Leie og utvikle kommunen sin organisasjon med vekt på kvalitet, effektivitet og medarbeidarutvikling.
- Sikre at kommunen oppfyller lovpålagte oppgåver og leverer gode tenester til innbyggjarane.
- Ivareta god økonomistyring og vidareutvikle ein berekraftig økonomi.
- Vere ein tydeleg og motiverande leiar som byggjer gode relasjonar internt og eksternt.
I tillegg er det viktig at kommunedirektøren leiar kommunen trygt gjennom ei tid prega av utvikling, omstilling og effektivisering. Rolla inneber òg å vere ei drivkraft i arbeidet med næringsutvikling, der målet er å skape verdiar, leggje til rette for nye arbeidsplassar og sikre eit levekraftig samfunn. Kommunedirektøren skal òg styrkje og vidareutvikle samarbeidsrelasjonar med lokalt næringsliv og regionale aktørar.
Praktisk informasjon
Søknadsfrist: 2. mars 2024
Tilsetjing: Etter avtale
Søknad og CV må sendast elektronisk. Vi ber deg søkje via Dfind sitt rekrutteringssystem. Vitnemål og attestar lastast opp under "Vedlegg".
Alle førespurnader blir behandla konfidensielt, om ønskjeleg også i innleiande fase. I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom dette blir aktuelt, vil du bli kontakta.
Vil du vite meir om stillinga?
Ta kontakt med Dfind ved seniorrådgjevar Mona Vervik på mona.vervik@dfind.no eller Business Area Manager Silje Finnskog Jensen på silje.finnskog.jensen@dfind.no
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Dfind er eit konsulent- og rådgjevingsselskap som har som mål å skape utviklingsmoglegheiter for organisasjonar, verksemder og menneske. Vi trur på spesialisering, og tenestene våre omfattar i dag rekruttering og utleige innan leiing, engineering, finans og IT. I Noreg har vi kontor i Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim og Nord-Noreg. Dfind er ein del av Randstad, verdas største aktør innan HR og rekrutteringsløysingar.
Les meir om oss på www.dfind.no